Det gjeld mellom anna kva renteinntekter og -utgifter du får, kva formue du har og kva du skal betale i skatt i det kommande inntektsåret.

Logg inn og sjekk, lyder oppmodinga frå divisjonsdirektør Marta Johanne Gjengedal i Skatteetaten.

– Opplysningane blir laga ut frå eit estimat som mellom anna baserer seg på kva du hadde i gjeld, bankinnskot og frådrag i 2021. For mange vil estimatet vårt treffe veldig bra, medan andre bør gjere endringar for å forhindre at dei betaler for mykje eller for lite skatt, forklarer ho.

Renteaukar

Slik økonomien har utvikla seg i det siste, er det kanskje viktigare enn nokosinne at du har eit medvite forhold til skatten din, meiner Skatteetaten. Det gjeld mellom anna renter, og etaten har fått ei rekkje førespurnader om at tala for renteinntekter og renteutgifter i skattekortet er for høge.

– Skatteetaten baserer seg på opplysningar frå 2021 og justerer desse. I 2022 kom det fleire renteaukar. Mange vil derfor oppleve at dei antekne renteinntektene og renteutgiftene er mykje høgare enn dei har vore, men for nokon vil tala vere for høge. Du kan endre desse opplysningane sjølv på skatteetaten.no, forklarer Gjengedal.

Sørleg for dei med fastrente

Alle med fastrente bør gå over tala nøye.

– Viss du har fastrente på bustadlånet, har du sannsynlegvis ein spesielt god grunn til å sjekke skattekortet. Skatteetaten har lagt til grunn at renteutgiftene aukar kraftig frå 2021 til 2023, men dette gjeld ikkje for deg som har fastrente, seier Gjengedal.

Litt enkelt forklart vil det vere slik at dersom renteutgiftene i skattekortet ditt er høgare enn det du faktisk betaler i renteutgifter i 2023, risikerer du å betale for lite skatt. Opplysningar om det kan du få frå banken din, til dømes ved å sjekke nedbetalingsplanen i nettbanken.

(©NPK)