Volda-ordførar Sølvi Dimmen, her i fakkeltog i januar for å behalde Mork rehabiliteringssenter. Foto: Staale Wattø (arkiv)

Kommunane på søre Sunnmøre ber om ny vurdering av Mork rehabiliteringssenter. Grunnen er at Helse Møre og Romsdal nyleg blei tilført meir pengar.

– Vi ber Helse Møre og Romsdal gjere eit raskt og ansvarleg val, og stoppe den pågåande nedlegginga av Mork-senteret, og spele på lag med kommunane om nødvendig omstilling, skriv kommunane i eit brev til helseføretaket.

I februar vedtok Helse Møre og Romsdal å legge ned Mork og samle all rehabilitering på Ålesund sjukehus. Då hadde samtalane mellom helseføretaket og kommunane på søre Sunnmøre halde på i rundt tre år.

Helseføretaket ser for seg å spare rundt ti millionar kroner årleg på nedlegginga. Ombygginga på Ålesund sjukehus er berekna å koste opptil 7,5 millionar kroner.

– Vi har stilt spørsmål ved kvar ny kompetanse til oppbygging av rehabiliteringstilbodet på Ålesund sjukehus skal hentast frå. Vi stiller oss også svært tvilande til at dette er på plass før Mork er ribba for fagfolk og tilbodet er borte. Når tilbodet i spesialisert rehabilitering vert borte, er det ei skjult oppgåveforskyving frå spesialisthelsetenesta til kommunane, skriv kommunane i brevet.

Konstituert adm.dir. Heidi Nilsen seier at ho står fast på vedtaket som styret i Helse Møre og Romsdal gjorde i februar. Ho legg vekt på at helseføretaket er nøydd å sikre handlingsrom til Helseplattforma, medisinsk-teknisk utstyr og stabil drift.