– Rundt 70 elevar ved Vågsøy ungdomsskule er sendt heim søm følgje av uveret Tor, melder Fjordenes Tidende.

– Elevar som skal vidare til/mot Osmundsvåg ber vi samordne slik at dei blir henta, opplyser kommunen.

Måløybrua

– Difor vil vi vere i forkant, seier rektor Kåre Bakke til avisa.

Dei andre elevane har skuledag som normalt, til trass for dei dårlege vermeldingane.

Trøbbel med skyss

Også Ulstein vidaregåande skule sender elevar og tilsette heim nokre timar før uvêret rammar Nordvestlandet.

– Vi avsluttar skoledagen til matpausen klokka 11.40. Hovudårsaka til det er at skyss kan bli eit problem i 15–16 tida, om vêret slår inn slik det er meldt, seier rektor Margaret Alme.

– Einaste rette å gjere då vi ikkje kan garantere at elevane kjem heim. Vi har elevar i Vanylven, Ytre Herøy, Sande og Ålesund. Det er ikkje sikkert ein får krysse bruer til Runde og andre stader på Ytre Herøy i ettermiddag. Vi kan ikkje la elevane vere vêrfaste her på ein fredag, seier ho.

– Det har blese før

Alme meiner dei er godt budde på stormen.

– Vi har gått nokre rundar rundt huset, fjerna lause ting og sjekka at vindauga er stengde. Det har blåse før. Det som er spesielt i dag det rammer tidleg på deg, mens elevane er på skulen, seier ho.

Alme har vore i kontakt med rektor for Volda vidaregåande skule, som og sender elevar og tilsette heim.

Tipsarar melder fredag om at mange skular vel å sende elevane heim tidlegare enn vanleg på grunn av uveret. Følg direktesenteret vårt: