Det var eit samrøystes Ålesund bystyre som gjekk inn for Ørskogfjellet.

– No må Vegvesenet berre pakke saman K3-alternativet, sa Geir Stenseth (Frp) under debatten torsdag kveld. Han la til at Ålesund er største kommune, og at deira stemme derfor veg tungt.

Delt i Haram

Også Haram kommunestyre hadde saka oppe i kveld. Her var var det 18 stemmer for K2.0 (Ørskogfjellet) og 8 stemmer for K3.1 (Svartløken), opplyser ordførar Vebjørn Krogsæter til Sunnmørsposten.

Høyringsfristen for framtidig E39-trasé er 28. februar. Noko av den største spenninga har vore knytt til kva Haram og Ålesund meiner.

Haram kan ha ein fordel av E39 gjennom Svartløken, for då får dei vegen nærare kommunen. Likevel har dei landa på den minst kontroversielle traseen, Ørskogfjellet. Kommunestyret meiner at alternativet K3 utfordrar både finansieringa av dette prosjektet og prioriteringa av andre vegprosjekt i regionen.

I tillegg er Haram kommunestyre tydeleg på at dei går inn for K2.0 – ikkje K2.1, opplyser Krogsæter. K2.1 er firefelts motorveg med 110-sone.

Så langt er det to instansar, Statens vegvesen og NHO Møre og Romsdal, som har flagga at dei anbefaler Svartløken. Ei rekke kommunar på Sunnmøre anbefaler Ørskogfjellet.

foto
Tre minutt: K3.1 gjennom Svartløken er tre minutt raskare enn K2.0 over Ørskogfjellet. Kart: Statens vegvesen