– Han tilstod for nokre veker sidan. Han har i dag blitt varetektsfengsla i 14 nye dagar, seier forsvarar Per Kjetil Stautland til NRK måndag.

Han ønskjer ikkje kommentere saka utover det.

Den sikta hotelldirektøren er busett i Stockholm. Den 25 november køyrde han over 100 mil til Selje for å brenne ned sitt eige hotell.

– Brannalarmen var slått av

Det var natt til 25. november i fjor at Selje hotell blei totalskadd i brann. Tre personar som var sentrale i drifta av hotellet har vore varetektsfengsla sidan då, mellom dei direktøren, som no har tilstått å ha stått bak brannen.

Politiadvokat Magnus Engh Juel i Vest politidistrikt bekreftar til Bergens Tidende at ein person har tilstått. Dei to andre nektar for å ha noko med brannen å gjere.

Vitne meiner at brannalarmen var slått av og at branndørene var opne før brannen oppstod. Også kvitvasking av pengar er eit tema i etterforskinga, ifølgje Fjordenes Tidende.

– Letta

Gerd Kjellaug Berge, tidlegare eigar av Selje hotell, seier til NRK at det er ei lette å få vite at han har tilstått.

– Då har dei i alle fall kome eit godt stykke lenger i etterforskinga, seier Berge.