Hareid-ordførar Anders Riise (H) er kategorisk når han slår fast dette.

– Kommunestyret vedtok det i kommuneplanen i fjor. Vi kommunepolitikarar skal i august/september ta stilling til SalMar Rauma sin søknad om dispensasjon frå kommuneplanen. Dei ynskjer å bruke eit noko større område til ankerfeste for laksemerdene, som vert lagt langt lengre ut frå land enn torskemerdene var, seier Riise.

Dette vert stadfesta av planleggjar Signe Kanstad:

– Det omsøkte anlegget er tenkt plassert lengre ut mot Kvitneset, og lengre ut på fjorden enn det gamle. Det går klart fram av søknaden, seier ho.

Stilt

Sunnmørsposten var i kontakt med SalMar Rauma for kommentar. Der fekk vi beskjed om at dagleg leiar Ingjarl Skarvøy var den einaste som kunne uttale seg.

Han var på ferie, og svara ikkje på mobiltelefonen. Heller ikkje på talemelding med spørsmål om å ringje tilbake.

Ikkje berre Hareid

Ordførar Riise meiner det er heilt feil det Holm hevdar, at det her er snakk om berre eit par arbeidsplassar:

– SalMar vil også ta over dei tidlegare torskeoppdretts-lokasjonane på Alme, og opplyser at det kan verte snakk om i alt seksten arbeidsplassar. Og om vi ser vidare enn Hareid: Oppdrett er ei av dei største eksportnæringane Norge har, verdiskapinga er stor, sjølv om vi isolert sett i Hareid ikkje får så mykje tilbake.