Av: Eirik Meling

500.000 til betre beredskap

Prosjektet «Betre beredskap på tvers i Møre og Romsdal» har fått 500.000 kroner frå regionalt forskingsfond Møre og Romsdal for å utvikle og forbetre beredskapen i fylket.

Det skriv Anne Bente Skjellum, kommunikasjonsansvarleg for Framtidslaben, i ei pressemelding. Det er Ålesund kommune som «eig» prosjektet, som skal vere nyttig for andre kommunar, fylke og innbyggarane generelt i heile landet.

– Dersom det oppstår ei krise innanfor ein organisasjon, vil denne krisa påverke andre organisasjonar og miljøet rundt. Hovudmålet med prosjektet er å minimere konsekvensane av ei hending eller krise med gode rutinar og kriseplanar, skriv ho.

I slutten av prosjektet vil partnarane delta i Beredskapskonferansen i 2022. Her vil dei diskutere og reflektere over prosjektet, og korleis det er mogleg å bidra til gode rutinar og planar for framtidige kriser eller problem.

Prosjektet starta i 5. januar 2022 og skal vere ferdig i juni 2022.

Siste nytt