MMC First Process landa Ecuador-avtale etter fem år
MMC First Process leverer utstyr til fiskeindustri, både lokalt på Nordvestlandet og globalt som i Sør-Amerika.
Nyleg landa dei ein avtale med ein kunde i Ecuador dei måtte jobbe lengre enn vanleg for å få gjennom, skriv nett.no
Prosessen blei innleia for kring fem år sidan, og først no nyleg blei avtalen skriven under.
– Vi meiner resultatet kjem fordi vi har vore til stades hos kunden over lengre tid. Det gjeld å henge på, sjølv om dei er på den andre sida av kloden, fortel salssjef Stig Morten Skaar til nett.no.
Kunden i Ecuador heiter Procesadora Posorja Proposorja, og tar hovudsaklen mot makrell og hestemakrell.
MMC First Process er tydeleg til stades i Sør-Amerika. Dei har mellom anna åtte tilsette i Chile, og har levert utstyr og heile anlegg i landet. Selskapet ønskjer å profilere seg på god fiskevelferd.