– Det kjem mykje svart røyk frå taket og det er observert flammar, melde operasjonsleiar ved Vest politidistrikt rundt klokka 14.40.

Fjordenes Tidende sin journalist på staden fortalde rundt klokka 15.00 at det ikkje lenger var synlege flammar, men at det kom mykje røyk frå bustaden i Øvre Eiane.

Då var brannvesenet i gang med å lufte ut.

Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs

Politiet melde tidleg at det ikkje var meldt om personar som var skadde eller sakna.

– Men det er uklart om det var folk i huset då det byrja å brenne, opplyste operasjonsleiar klokka 14.40.

Foto: Bjørn Erik Drabløs