Lufttransport blir dermed den tredje helikopteroperatøren som blir kvalifisert for oppdrag på norsk sokkel.

– Denne avtalen styrkjer robustheita vår og sikrar oss auka helikopterkapasitet. Lufttransport RW AS er eit norskeigd selskap med hovudbase i Tromsø, med mykje erfaring frå drift av både søk- og redningshelikopter og tilbringarhelikopter, seier direktør for Felles driftstenester Ørjan Kvelvane i Equinor.

Helikoptera det er snakk om, er av typen Leonardo AW 139. Dei skal etter planen vere klare for drift frå 2026.

Eit av helikoptera skal stasjonerast på Oseberg feltsenter. Det andre skal stasjonerast på Flesland og i tillegg bli nytta til passasjertrafikk til og frå Equinors installasjonar.

Den siste tida har fleire helikopter av typen Sikorsky S-92 vorte sett på bakken som følgje av leverandørproblem. Helikoptera er per i dag den einaste typen som flyg offshore i Noreg, og oljeselskapa har derfor sett seg nøydde til å ta grep.

(©NPK)