– Dette er ei ordning der alle barn frå 0–18, som har eit dokumentert behov for briller, får støtte, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) til Aftenposten.

Unntaket er barn som treng lesebriller, ifølgje Persen, som seier at ordninga vil gi ny støtte til mange av familiane som mista støtte i 2020.

– I tillegg vil mange fleire barn få rett på brillestøtte enn før, seier ho.

Lågaste sats i ordninga er 900 kroner medan høgaste er 3.975 kroner. Oppfyller ein krava, kan ein søkje om støtte hos Nav.

Forslaget blir no sendt ut på høyring med frist til 10. juni. Regjeringa håpar at den nye støtteordninga kan tre i kraft frå 1. august.

(©NPK)