Frå neste år vil regjeringa fjerne momsfritaket på dei dyraste elbilane. Foto: Ørn E. Borgen / NTB / NPK

Det er ingen store avgiftsendringar, eller omdreiingar i skattane, i revidert nasjonalbudsjett, som vart lagt fram torsdag. Men regjeringa tek likevel grep dei meiner er viktige for privatøkonomien til folk.

– For å unngå ei overoppheting av økonomien, med stigande prisar og mange renteaukar, må vi halde igjen. Å sørgje for trygg økonomisk styring er det viktigaste vi gjer for lommeboka til vanlege folk akkurat no, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Det reviderte budsjettet er ein oppdatert versjon av statsbudsjettet og styrer korleis staten skal bruke pengane sine. Budsjettet må bli vedtatt i Stortinget før det trer i kraft.

Dyrare «dyre» elbilar

Regjeringa gjer ingen nye grep med straumstøtta, elavgifta eller endringar i bensin- og dieselavgiftene.

Den kanskje største nyheita på avgiftsfronten er at regjeringa vil fjerne momsfritaket for elbilar, og erstatte det med ei tilskotsordning. Grepet skal ikkje slå ut på dei «vanlege» elbilane, men dei dyraste modellane vil få ein prisauke. Dette er først planlagt innført frå neste år.

Eit anna grep som får noko å seie for lommeboka til mange, er at ferjereiser på strekningar med under 100.000 passasjerar blir gratis frå 1. juli.

Reallønnsvekst

I budsjettet kjem regjeringa med nye berekningar på kor mykje meir folk vil tene i år.

Lønnsveksten i 2022 blir berekna til 3,7 prosent, medan prisane er venta å auke med 3,4 prosent. Dermed stig lønna meir enn prisane, og folk får reallønnsvekst.

Regjeringa meiner at ulike støtteordningar gjer at folk får endå meir å rutte med enn berre lønnsveksten.

– Trass i høgare prisvekst og auka renter, er det venta at hushalda får ein vekst i disponibel realinntekt utanom aksjeutbytte på 1,2 prosent i 2022, heiter det i budsjettet.

Bremsen på

Det har lenge vore varsla at rentene vil stige framover, og det er vanskeleg å seie nøyaktig korleis endringane i budsjettet vil påverke dette. Dette vil uansett få mykje å seie for alle med bustadlån, og Noreg er i verdstoppen når det gjeld privat gjeld.

Regjeringa meiner dei trakkar på bremsene for å dempe renteveksten, medan andre meiner at regjeringa kunne halde endå meir igjen i oljepengebruken.

– Høgare rente slår ut i privatøkonomien til folk som har bustadlån, og kan gi sterkare krone og svakare konkurranseevne for næringslivet. Dersom vi ikkje lykkast med å stramme inn i den økonomiske politikken når presset i økonomien er høgt, aukar det faren for eit kraftigare økonomisk tilbakeslag og høg arbeidsløyse seinare, skriv regjeringa i budsjettet.

Framleis høgt nivå

Det blir understreka at oljepengebruken framleis er på eit høgt nivå, samanlikna med før koronapandemien.

Regjeringa reknar med at prisane vil halde fram med å auke.

– Både store oppsparte midlar og auka sysselsetjing er venta å bidra til sterk vekst i det private forbruket, sjølv om auka renter og høg prisvekst på straum, drivstoff og mat isolert sett bremsar oppgangen i kjøpekrafta til hushalda, heiter det i budsjettet.

(©NPK)