Statnetts flaskehalsinntekter, som oppstår når straum blir seld frå eitt prisområde til eit anna og ut av landet, falle til 9,3 milliardar kroner i 2023 frå 21,7 milliardar i 2022, melder Europower.

Flaskehalsinntektene var likevel høge historisk sett. I 2021 var dei på 5,3 milliardar kroner.

Det er flaskehalsinntektene internt i Noreg som bidreg mest til totalbeløpet. Med eit bidrag på godt og vel 4 milliardar kroner utgjer dei interne flaskehalsinntektene nesten halvparten av Statnetts totale inntekter på prisforskjellar mellom prisområda.

Sambanda til utlandet, inkludert dei omdiskuterte utanlandskablane til Storbritannia og Tyskland, bidreg med nesten 5,3 milliardar kroner til saman.

(©NPK)