Bilbrannen skal ha skjedd utanfor Eidsnakktunnelen.

Klokka 15.47 opplyser politiet at alle skal vere ute av bilen, og det er ikkje meldt om personskadar.

Naudetatane er på veg til staden like før klokka 16.

Trafikkoperatør Kim Jørgen Benan hos Vegtrafikksentralen fortel til Sunnmørsposten at brannvesenet er på veg.

– E39 og Eidsnakktunnelen er stengt på grunn av brannen. Sjølve brannen er utanfor tunnelen, men innanfor stengeområda vi har. Eg må vente på meir informasjon frå brannvesenet før eg kan sei kor lang tid dette vil ta, seier Benan.

110-sentralen melder like over klokka 16 at Hornindal og Volda brannvesen rykte ut. Brannvesenet er no framme på staden, og det er ikkje opne flammar.

Ifølgje 110-sentralen ser det ut til at publikum har klart å sløkke brannen.

Klokka 16.06 opplyser Vegtrafikksentralen at tunnelen er opna igjen.