Det var NRK Vestland som meldte denne saka først fredag morgon.

Tipset kom inn til politiet like før klokka 01.30. Då hadde eit vitne sett nokon køyre på ein parkert bil i Måløy, og tipsa politiet om at føraren kunne vere rusa bak rattet.

Politiet rykte ut og fann personen i heimen sin, der ho blåste raudt på politiet sin test.

– Vi tok kontakt med ein person på ein adresse og personen blåste over lovleg verdi, seier operasjonsleiar Eirik Loftenes i Vest politidistrikt til avisa Firda fredag morgon.