– Avtalen gir norske fiskarar føreseielegheit. Forhandlingane har gått føre seg i ein god tone, vore effektive og viser at forholdet vårt til Storbritannia er tett og godt, seier fiskeriminister Bjørnar Skjæran (Ap).

I avtalen er Noreg og Storbritannia samde om gjensidig tilgang til å fiske botnfisk i kvarandres farvatn. Den er ei vidareføring av årets avtale og er utforma slik at partane har tilgang til å fiske opp til 30.000 tonn i sona til den andre parten i Nordsjøen neste år.

Det vart også avtalt at norske fartøy kan fiske inntil 20.000 tonn av nordsjøsildkvoten sin i britisk sone mot at britiske fartøy kan fiske inntil 20.000 tonn av kvoten sin i norsk sone.

Partane har avtalt eit avgrensa kvotebyte for å vareta tradisjonelt norsk fiske i britisk sone lenger vest enn Nordsjøen.

– For kvitfiskflåten er det no på plass ei god løysing for begge partar. I pelagisk sektor har vi også fått betre tilgang til å fiske nordsjøsild enn vi hadde i år, seier Skjæran.

(©NPK)