I morgon skal KrF sitt sentralstyre møte stortingsgruppa for å gje råd i Listhaug-saka. KrF kjem til å avgjere om det blir mistillit mot justisminister Sylvi Listhaug.

– No er saka såpass sett på spissen at KrF må vere klar over det. Dei må vere krystallklar over kva ansvar dei har, seier Dag Olav Tennfjord, fylkesleiar i regjeringspartiet Høgre.

Søndag føremiddag vart det klart at dersom det blir fleirtal for mistillit mot justisminister Listhaug, så går heile regjeringa.

– Eg vil minne om at det er berre seks månader sidan valet, og kva KrF peika på i valkampen. No må dei stå for det dei gjekk til val på, understrekar Tennfjord.

Han legg til at det blir nokre intense dagar fram til saka kjem i Stortinget på tysdag.

– Korleis er stemninga i Høgre?

– Det er jo ikkje festleg i det heile tatt. For min eigen del trur eg vi skal stå av denne situasjonen, og å dempe desse ekstreme ytringane, seier Tennfjord.