- Vi kan absolutt ikkje ha det sånn som det har utvikla seg i sjukehuskonflikten i Møre og Romsdal. Arbeidet vi no skal inn i, med open høyring no den 13. februar og vidare total gjennomgang av saka, vert avgjerande for vidare tillit frå folket, sa storingsrepresentant Per Olaf Lundteigen (Sp) på eit sjukehusmøte i Volda torsdag kveld.

Lundteigen er saksordførar i Kontroll- og konstitusjonskomiteen for Stortinget i sjukehussaka.

Halvering

Lundteigen var saman med parti- og stortingskollega Kjersti Toppe på besøk både ved Ålesund sjukehus og Volda sjukehus torsdag. Dei har begge markert seg som sterke tilhengarar av ein desentralisert sjukehusstruktur, men kjempar i motvind i den saka.

Særleg har helseminister Bent Høie (H) sin ferske helsestrukturtale skremt mange. Han har teke til orde for halvering av sjukehus med akuttkirurgisk beredskap.

Kunstige grenser

Slik sett kom Lundteigen og Toppe til sine eigne då dei torsdag kveld møtte lokale ordførarar og leiarane i folkeaksjonane for lokalsjukehusa på Eid og i Volda.

Både frå sjukehusaksjonistar og ordførarar fekk dei to stortingstoppane klar melding om at fylkegrensa og føretaksgrensa er svært kunstig i høve den nye infrastrukturen, mellom anna Kvivsvegen.

Møte

Lundteigen og Toppe fekk også møte legar og tillitsvalde ved Volda sjukehus, før dei vart med på eit debattarmøte i regi av Senterpartiet. Der rådde stor konsensus.

Frp-aren Lars Svein Drabløs frå Eid hadde varsla rabalder på møtet, men dukka ikkje opp. Drabløs har rådd alle nordfjordingar til å ikkje krysse fylkesgrensa nordover i sjukehussamanheng - for å sikre drifta ved Førde sjukehus.

Synfaring

Lundteigen seier til Sunnmørsposten at for hans del er vitjinga i Ålesund og Volda ein viktig del av oppdateringa hans på kunnskap om sjukehusforholda totalt i Møre og Romsdal.

- Det er svært viktig for jobben eg snart skal gjere som saksordførar, seier han.

Både Per Olaf Lundteigen og Kjersti Toppe er klare for nye rikspolitiske tak for småsjukehus som her i Volda. Foto: Knut Arne Aarset