Vegtrafikksentralen vest melder at ein personbil og ein lastebil er involvert i eit trafikkuhell på fylkesveg 620 mellom Åheim i Vanylven og Otnes på Stadlandet i Stad kommune.

Naudetatar er på veg til ulukkesstaden.

– Det er mogleg at det kan vere oljesøl i vegbana, melder Vegtrafikksentralen vest.

– Ikkje ei stor hending

Operasjonsleiar Steinar Hausvik hjå Vest politidistrikt seier til Sunnmørsposten klokka 21.35 at hendinga ikkje var dramatisk.

– Det var ikkje ei stor hending. Den eine bilen køyrde inn i den andre frå sida. Airbagane vart ikkje løyst ut, seier operasjonsleiaren.