– 690 førarar vart kontrollerte for ruspåverknad. Alle var edrue, og det er oppløftande, seier Steven Blindheim, trafikk-koordinator i Møre og Romsdal politidistrikt.

Men ikkje alle slapp likevel billig unna kontrollen.

Vart avskilta

Fire bilar var avskilta på staden fordi dei ikkje er blitt framstilt for periodisk kontroll, såkalla EU-kontroll. To tyngre køyretøy fekk køyreforbod på grunn av dårleg sikra last, og for mangelfull sikt.

Ein bilførar blir anmeldt for å køyre med campingvogn bak på hengarkroken, utan å ha gyldig førarkort for dette.

Brukte ikkje belte

Tre førarar fekk gebyr for ikkje å ha hatt med seg vognkortet i bilen, ein annan fekk gebyr for ikkje å bruke bilbelte.

Derimot vart det ikkje registrert ulovleg bruk av mobiltelefon.

– Vidare var det 12 køyretøy som hadde mindre tekniske manglar, det same hadde også fire store køyretøy. I alt var det 88 tyngre køyrtøy som vart kontrollerte, seier Steven Blindheim.