Av: Ragnhild Rong

To bilar kolliderte etter brot på vikeplikta

Naudetatane rykka ut til Lepsøy etter melding om ei trafikkulukke. Det var to bilar involvert og materielle skader, ifølgje Twittermeldinga til politiet. Ulukka skal ha skjedd ikkje så langt frå ferjekaia.

Politiet melder 16.42 at dei er ferdige på staden. Dei rapporterer at det var snakk om låg fart og at ingen er skada. Årsaka til samanstøyten var ifølge politiet brot på vikeplikta. Begge førarane er avhøyrt og det vert oppretta sak.

Siste nytt