– At dei går for alternativ tre er heilt tydeleg, seier Helge Ristesund, viseadministrerande direktør i helseføretaket, medan han pakkar stresskofferten og hastar mot neste møte.

Eit fire timar langt møte med representantar for tilsette og pasientar på Volda sjukehus er nettopp over.

Uro ved Volda sjukehus: Fagmiljøa i Volda er uroa – fryktar nedbygging av sjukehuset

På dette såkalla dialogmøtet presenterte Ristesund tre nye, moglege løysingar som vil gje meir plass ved Volda sjukehus.

Alternativ 1: To nye tilbygg. Alternativ 2: Nytt behandlingsbygg. Og altså alternativ 3: Eit nytt sengebygg over parkeringsplassen på nordsida av sjukehuset.

Dette siste inneber eit bygg i to etasjar med plass til 56 nye einsengsrom.

– Det er heilt klart det siste vi ønsker oss. Men eg trur det ikkje før eg ser spaden i jorda. Og eg trur iallfall ikkje at det står klart før i 2030, tidlegast. Men får vi dette nybygget på plass, blir det kjempebra både for tilsette og pasientar, seier Frode Aasen, hovudtillitsvald for overlegane ved Volda sjukehus.

foto
Volda sjukehus: Det er behov for meir plass og fornying ved sjukehuset i Volda.

At han etter eige utsegn er avventande optimist skuldast at han veit at helseføretaket har mykje anna dei skal bruke pengar på framover, mellom anna eit nytt sjukehus i Molde.

Anette Lekve, føretakstillitsvald for sjukepleiarane i helseføretaket, seier at møtet tysdag på sjukehuset i Volda var positivt. Ho er med i arbeidsgruppa som jobbar med utviklingsarbeidet.

Der sit også Helge Ristesund som ikkje vil konkludere enno. Han seier dei no også skal ha møte med dei som har med drift og anlegg å gjere.

– Deretter skal vi lage ei innstilling. Og då treng det ikkje nødvendigvis bli eitt av dei tre alternativa vi går for. Det kan også bli ein kombinasjon av dei, seier Ristesund.

Det alt til slutt handlar om er økonomi. Det er alle einige om.

Overlege Frode Aasen seier at ei utbygging i Volda er lita målt mot andre investeringar i helseføretaket. Men likevel er det snakk om mykje pengar.

Så mykje pengar at politikarveteran Jakob Strand er klar på at sunnmøringane må gå saman for å få rikspolitikarane på banen. Det er dei som til sjuande og sist sit på pengesekken.