Det meiner fleire forskarar som står bak ein fersk rapport om konsekvensane av bompengar på Hordfast-strekninga mellom Stord, Tysnes og Os, ifølgje NRK Hordaland.

– Spesielt langs kysten og i prosjekt med høge bompengetakstar og mykje lokaltrafikk kan bompengar føre til at samfunnsnytta kan bli meir enn halvert, seier Morten Welde ved forskingsprogrammet Concept på NTNU til kanalen.

Ny debatt om kryssing av Romsdalsfjorden:

Vil velte Møreaksen til fordel for Romsdalsaksen

Se video: Slik vil de krysse Romsdalsfjorden

Dobla kostnadar

Kostnaden for Hordfast er meir enn dobla på fem år frå 19 til 43 milliardar kroner. I noverande Nasjonal transportplan er det lagt opp til at Staten skal betale kring halvparten av kostnaden, men Stortinget har førebels ikkje vedteke at prosjektet skal byggjast.

Welde meiner den planen som no er ute på høyring ikkje tek omsyn til konsekvensane av bompengar, når den legg full statleg finansiering til grunn.

(saka held fram under)

500 kroner?

Det er antyda at prisen for å køyre strekninga med personbil, vil bli opp mot 500 kroner, noko forskaren meiner vil redusere forventa pendling i området.

Prosjektleiar Signe Eikenes i vegvesenet meiner samfunnsnytten for Hordfast-prosjektet er god.

Ho seier til NRK at dei ikkje kan rekne på effekten av bompengar, så lenge det ikkje er gjort vedtak om nivået på desse.

Les kommentar:

Milliardvegene og vi: Blir vi lurt trill rundt?