Partia har ein jobb å gjere for å få fleire unge inn i politikken, meiner Jenny Venås (Frp). Ho er den einaste i kommunestyret i Volda som er under 40 år.

– Det er alt for dårleg rettleiing for unge som kjem inn i lokalpolitikken. Med unntak av av eit raskt kurs, fekk eg lite innføring då eg byrja, seier Venås til studentavisa Nærnett.no.

  • Korleis trur du ein kan få fleire unge inn i lokalpolitikken? Bruk kommentarfeltet!

Ho meinar at dei få unge som faktisk engasjerer seg, må få betre oppfølging.

− Trur det er for vanskeleg

Venås er nummer tre på Frp si nominasjonsliste. 22-åringen har vore den einaste under 40 år i kommunestyret i Volda.

Heile 18 personar er over 50 år.

Skal ein få fleire unge til å engasjere seg i lokalpolitikken, meiner ho det trengs nytenking. Ho meiner partia er alt for dårlege til å vende seg til dei yngre, og at dei har ein jobb å gjere i å formidle kva kommunepolitikk faktisk går ut på.

− Det låge talet unge heng saman med at mange har feil inntrykk av kva vi driv med. Dei trur det er alt for vanskeleg, seier ho.

Unge nedst på listene

Ho understrekar at partia må plassere yngre lenger oppe på vallistene.

− Med unge plassert nedst på listene, er det vanskeleg å få dei inn i kommunestyret, seier ho.

Til no er dei fleste ordførarkandidatane i Volda, menn over 49 år. Unntaket er 32 år gamle Øyvind Festø frå Miljøpartiet Dei Grøne. Venstre har framleis ikkje har hatt nominasjonsmøte.

Denne saka er eit samarbeid mellom smp.no og journalistutdanninga i Volda.

Jenny Venås er kritisk til korleis unge lokalpolitikarar blir tekne vare på. Foto: Privat