Komponisten sjølv meiner i alle fall at Sivle har mykje å gje menneska i dag, snart hundre år etter sin død. — Dikta til Sivle er noko av det vakraste og mest inderlege som er skrive i Norge. Dei folkelege tekstane hans har flotte bileter som talar direkte til deg. Meg gir dei mykje meir enn den moderne intellektuelle poesien som vert gitt ut, seier Ruder. Heimstaddiktaren Per Sivle (1857-1904) blei fødd i Aurland i Sogn, men voks opp på Stalheim ikkje så langt frå Voss. Mor hans døydde då han var liten, og han har gitt henne eit vakkert minne i det kjende diktet «Den fyrste songen». Sivle ville gjerne bli prest, men blei sjuk og orka ikkje lese så mykje. Store delar av livet kjempa han mot fattigdom, svolt og ei skral helse. Han skreiv fleire djupt personlege dikt der vi får ta del i kjenslene hans, men også mykje nasjonal lyrikk, som skulle setje mot i nordmennene i ei tid der unionsstriden med Sverige var den viktigaste politiske saka. Sivle, som vert rekna for å vere ein av dei fremste heimstaddiktarane våre, skreiv også prosa. Den fyrste boka hans heiter «Sogor» (1887), og er ei samling noveller som byggjer på minne frå eigen barndom. Ei av dei mest kjende forteljingane frå samlinga er «Berre ein Hund». I «Vossastubbar», som er ei samling skrøner skrive på Vossamål, viser Sivle at han er ein stor humorist. Kontrastar — Kontrastane pregar forfattarskapet hans. Frå livsglede i «Vår-von» og «Lerka» til det djupaste mismotet i «Gøym meg mor», som han skreiv på slutten av forfattarskapet sitt medan han sleit med dødsangst og drakk mykje, fortel Jon Ruder (41). Jon Ruder (41) kjem frå Oslo, og har no musikken mest som hobby ved sidan av jobben som journalist i Telenor. Mest kjent er han frå gruppa Badegjestene og singelen «Sommer hele året» som låg fleire veker på Norsktoppen i 1999. Han har også omsett ein del engelske barneplater som «Postmann Pat» og «Bjørnen Paddington». Saman med pianist Terje Norum Bugge vil han komande helg gje publikum eit møte med dei mange uttrykka hos Sivle, som alt for ofte berre blir gjort dystert og melankolsk. Sjølv er det den lett naive optimismen, formidla på sengekanten av ei mor med røter i Luster og Balestrand, som først gjorde at han fatta interesse for nynorskforfattaren. Men den fyrste teksten han tonesette var likevel mollstemde «Gøym meg mor». Tilfeldig At urpremieren vart lagt til Aasen-tunet var heilt tilfeldig. — Vi prøvde å få til ein konsertturné med Rikskonsertane, utan å lukkast. Så fekk vi spørsmål frå, Aasen-tunet om vi kunne gjere denne konserten. Dermed vart det slik. Viss dette går bra, vil kanskje Herborg Kråkevik få lyst til å gje songane ut på cd, slik at eg tener meg rik, fleipar songaren og komponisten som enn så lenge vil syngje sjølv. På konserten søndag har Jon Ruder og Terje Norum Bugge også med seg Økokrim- etterforskaren Roald Waktskjold, som etter å ha imponert tilhøyrarane i dunkle lokaler under Smalahove-festar i Oslo, no endeleg stig fram i lyset med sine tolkingar av Vossastubbar. Waktskjold vil også stå for ein innleiande presentasjonen av Per Sivle, forma som ein etterforskingsrapport.