– Vi har satsa på ei 3D-plattform der vi kan lage alt vi treng, frå heile designkonsept ned til detaljar om korleis ein sveis skal gjerast, forklarar skipsingeniør Erling-Johan Rovde.

Bedrifta har ikkje sloppe permitteringar heilt, men omfanget har vorte mindre grunna ordninga som er eit spleiselag mellom bedriftene og NAV. I tillegg til kursmidlar, har dei fått pengar til utvikling.

– Dette har vi brukt til å bygge opp eit 3D-bibliotek, fortel skipsdesignar Helge Roppen.

Marin Teknikk har satsa eit tosifra millionbeløp på 3D-design dei siste fem åra, men BIO-midlane var viktige når dei tilsette skulle lærast opp i bruken.

Detaljar: Til venstre ser vi korleis eit skipspåbygg er designa med alle detaljar. Til høgre er eit døme på yachtdesign og Marin Teknikk kunne avsløre at dei har fleire nye slike jobbar på handa.

Nye marknader

På pc-skjermen visast modellar til eit påbygg som skal byggjast på eit skip ved Westcon Group sitt verft i Florø. Her kan vi sjå alt frå møblar og panel på veggane, til sjølve konstruksjonen: – Store delar av det du ser her er laga av tilsette som elles ville vore permitterte, fortel Rovde.

Ordninga skal i første rekkje hjelpe bedrifter til å omstille seg til nye marknader og skaffe ny kunnskap. Torsdag fekk Marin Teknikk arbeidsminister Anniken Hauglie på besøk som fekk høyre at Herøy-bedrifta langt på veg har lukkast og har nye kontraktar på veg inn.

– Det løyser ikkje alle problem, men vi har sett at det er eit viktig bidrag for dei som ser moglegheitene, seier Hauglie.

Regjeringa auka hausten 2015 lengda kvar tilsett kan få slik støtte, i tillegg til at potten til slik omstilling er auka fleire gonger. I ettertid har bruken av ordninga auka markant, og Møre og Romsdal er mellom fylka der den er mest nytta.

Avgjerande for Vard

Marin Teknikk var dei første av 24 bedrifter i Møre og Romsdal som fekk BIO-midlar i fjor. Også skipsbyggjarkonsernet Vard påpeiker i sin siste årsrapport at ordninga var avgjerande for å halde tilsette på Nordvestlandet i arbeid:

– Dette har vore viktig i arbeidet med å omstille oss til nye prosjekt innan cruise- og havbruk, stadfestar kommunikasjonssjef Hege Anita Akselvoll i Vard.