Klarte ikkje stoppe: På grunn av traileren i grøfta, vart trafikken nedover rv 15 stoppa. Denne bilen klarte ikkje stoppe for lastebilen framom. Foto: Bengt Flaten

Eit vogntog utan kjettingar står fast og sperrar eitt felt nednafor Vegtun, skriv Vegtrafikksentralen Vest på Twitter.

Politi og bilbergar er på staden.

Uhellet skjedde ved 16.30 tida.

Politiet sin innsatsleiar fortel at vogntoget sklei ut i grøfta på veg opp rv 15 mellom avkøyrsla til Faleide og Vegtun. Vogntoget sperra eine køyrefeltet, slik at trafikken måtte dirigerast. Dermed vart det krasj mellom to bilar kort tid etterpå, då den eine ikkje klarte å stoppe.

– Det er utruleg dårleg føre, så eg oppmodar folk om å vere forsiktig. Må du ikkje ut, bør du la vere, seier Gundersen.

Køyr forsiktig: Politiet sin innsatsleiar Roger Gundersen oppmodar alle om å køyre forsiktig, og ikkje leggje ut på tur om du absolutt ikkje må. . Foto: Bengt Flaten

Politiet sin operasjonssentral skriv følgjande på Twitter: – Det er meldt om krevjande forhold på vegane frå kyst til fjell i heile Vest politidistrikt. Regn/sludd gir mykje overvatn og store dammar i lågare strøk, sludd/snø gir slapseføre og dårleg føre i høgare strøk. Køyr roleg, avpass farten, hald avstand, følg køen, slepp forbi.