Statens vegvesen hadde tysdag trafikkontrollar på riksveg 15 Skårhaug på Nordfjordeid, E39 Grodås i Hornindal og fylkesveg 60 Visnes i Stryn, går det fram av ei pressemelding.

I alt vart 41 personbilar kontrollert, og etter kontrollen vart to bilførarar politimelde – ein fordi førarretten var utgått, ein annan fordi lysa på tilhengaren han hadde ikkje fungerte og fordi tilhengaren vidare hadde lyskontakt som ikkje passa til bilen.

I kontrollen vart det elles gitt fire bruksforbod, tre gebyr, eit køyretøy vart avskilta og 18 køyretøy fekk skriftlege manglar.