Helse Møre og Romsdal varsla før jul at Mork rehabiliteringssenter i Volda blir lagt ned, og at pasientane får plass på Ålesund sjukehus.

Dette vil kunne gje ei innsparing på minst 10 millionar kroner i året, skriv helseføretaket i saksutgreiinga.

No kjem kommunane på søre Sunnmøre med eit tilbod: Dei kan bidra med 2 millionar kroner årleg til drifta av Mork rehabiliteringssenter, i ein periode på inntil 5 år. Hensikten med tilbodet er å gje Helse og Møre og Romsdal tid til gjere tiltak for flytte drifta til sjukehuset i Volda i staden for.

Kommunane vil i tillegg vurdere kjøp av rehabiliteringstenester og oppmodar Helse Møre og Romsdal om å rekne ut ein døgnpris.

Tilbodet kjem i eit brev som dei sju ordførarane har sendt Helse Møre og Romsdal.

I brevet antyder dei at det kan bli dyrt å legge ned. Ifølgje brevet betale helseføretaket i fjor 90 millionar kroner for kjøp av private rehabiliteringsplassar utanfor fylket.

Samtidig kjem dei med argument for å behalde rehabiliteringa der den er i dag, på Mork:

«Mange i fagmiljøet og mange andre foretak legg spesialisert rehabilitering bevisst ut av sjukehuskroppen. Fordi miljøet rundt opptreninga er og blir opplevd som så viktig. Og her trekker brukarane fram nettopp det allsidige utemiljøet på Mork. Det gir også familien og pårørande plass og rom til å støtte han og ho som trener tøft fysisk og psykisk for å kome mest muleg tilbake til normallivet – for heile familien. Den anerkjenninga ser ut til å mangle i Helse Møre og Romsdal. Vi håper styret ser dette og vektlegg dette.»