Det vert lagt opp til start på arbeidet i 2009 og åpning i 2011. Overvakning av rasutsette fjell i Storfjorden er tilgodesett med ti millionar kroner i 2009, for å sikre døgnkontinuerleg overvakning. Det er berre ein kommentar til dette: Jippi!!!! Det seier ein oppglødd ordførar Frank Sve i Stranda til nyheita om at det er løyvd 46,2 millionar kroner til rassikring på riksveg 60 mellom Stranda og Hellesylt, og ti millionar kroner til sikring av døgnkontinuerleg overvaking av skredutsette fjell i Storfjorden. - Løyvinga til Stranda-Hellesylt er langt større enn venta, og med start i 2009 og sluttføring i 2011 er det berre å slå fast at dette livsviktige prosjektet no er sikra. Det er berre å la flagget gå til topps! seier ein oppglødd Frank Sve. Han er ikkje mindre glad for løyvinga på ti millionar kroner til overvaking av fjellskred. - Dette er veldig bra. Det er gledeleg at Regjeringa har tatt det på alvor. No er det lagt et nivå på korleis løyvingane skal bli framover, og det gjer at rassikringsprosjektet og overvakinga er trygga. I tillegg til dei ti millionane frå statsbudsjettet, er kommunane som er utsette for ei eventuell flodbølgje inne med til saman 7,5 millionar kroner, seier Frank Sve.