Tysdag presenterte Vedum dei økonomiske utsiktene og problemstillingane regjeringa står overfor før årets budsjettkonferanse.

– Det viktigaste for oss er tryggleiken til folk. Denne regjeringa skal ha folk i arbeid og skal føre ein politikk som bidreg til mindre forskjellar mellom folk, seier finansministeren.

Han understreka at det er noko anna å lage budsjett enn å snikre regjeringsplattform.

– Men måla er dei same – mindre forskjellar. Vi har rekordmange i jobb og ei arbeidsløyse på 1,6 prosent. Det er høgt press i norsk økonomi. På den andre sida opplever vi ei uro hos enkeltpersonar og enkeltbedrifter om framtida, seier Vedum.

Regjeringa samlast onsdag og torsdag denne veka for å leggje siste hand på statsbudsjettet for 2023.

(©NPK)