Torsdag og fredag arrangerast for tredje gong Grøn Fjord-konferansen i Geiranger.

– Vi har passert 160 deltakarar. Dette er den beste påmeldinga vi har hatt nokon sinne, seier Katrin Blomvik, direktør i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv. Det er stiftinga som står bak konferansen, i år saman med Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Samle makta

– Konferansen har blitt ein viktig samlingsarena for avgjerdstakarar som har ansvar for å forvalte verdsarven. Her er folk frå Klima- og miljødepartementet, Sjøfartsdirektoratet, fylkesmann og fylkeskommune, ordførarar, og hamnevesen og samla under eitt tak, seier Blomvik.

I tillegg deltek blant anna reiselivsbedrifter, næringsliv og miljøvernarar. Dette gir stiftinga ein god moglegheit til å ta opp utfordringar – og til å selje inn ein bodskap.

– Vi ønskjer at forvaltninga skal bli enno meir offensiv og stille krav til transportløysingar inn og ut av fjorden, seier Blomvik.

Kjem nye krav

Etter konferansen i 2016 fekk Sjøfartsdirektoratet i oppdrag å greie ut korleis verdsarvfjordane kan regulerast for å få meir miljøvennleg ferdsel.

– Det var eit heilt resultat av at Klima- og miljødepartementet var på besøk. No kjem Sjøfartsdirektoratet tilbake og vi får vite korleis arbeidet står til og kva som skjer framover.

Nytt i år er at konferansen også tek opp utfordringar knytt til transporten på land. Mellom anna skal ein diskutere om hydrogen som energikjelde.

Turistvekst

Eitt tema på dagsorden er korleis ein skal takle den veksten som er venta i turistnæringa.

– Dersom turismen aukar i takt med UNWTO sine prognosar på fire prosent årleg, og til over 60 prosent fram til 2030, korleis bur vi oss på å møte denne veksten? Dette er ikkje langt fram i tid, seier Blomvik.

Miljøsone

Eitt mogleg verktøy som skal diskuterast på konferansen er å innføre miljøsoner i fjordane.

– Dette er eit politisk verktøy som er brukt i mange europeiske storbyar. Men det har aldri før vore løfta fram for distrikta, seier Blomvik.

– I Norge har ein så vidt begynt å innføre det i ulike variantar i store bykjernar. For eksempel i Bergen, som slit med luftforureining, seier ho.

– Her kan det for eksempel vere snakk om forbod mot piggdekk eller enkelte køyretøy, eller ein kan regulere med avgift slik at ein må betale for å køyre inn i ei bestemt sone om ein ikkje har miljøvennleg materiell, seier ho som eksempel.

Hybridbåt

Konferansen startar om bord i hybridbåten «Vision of the Fjords», som tek deltakarane frå Ålesund og inn i fjorden. Katamaranen er bygd ved Brødrene Aa i Gloppen og har vunne ei rekkje nasjonale og internasjonale prisar.

– Dette trur eg må vere ei historisk reise, og vi er veldig glade for at vi får låne båten, seier Blomvik.

– Dei tente 110 prosent på ideen, og var klar på at dei ønskte å teste ut båten som konferanseprodukt på verdsarvfjorden, og på vinterstid spesielt. «Vision of the Fjords» går framføre og viser veg for andre aktørar. Det er dit vi må kome, om vi skal kunne kalle reiselivsnæringa for ordentleg berekraftig, seier ho.

Ferske målingar

Under Grøn Fjord-konferansen vert også målingane av luftkvaliteten i Geiranger i perioden 2015–2017 presentert for første gong for eit stort publikum, kan ein lese i programmet.

Professor Jörg Löfler kjem frå Universitetet i Bonn for å presentere måleresultata frå sitt overvakingsprogram.