Av: Eirik Meling

Partiet Raudt etablerer nye lokallag på Sunnmøre

foto
Frå venstre: Aina M H Hauge, Bjørnar Moxnes og Morten Walløe Tvedt på Haramsøya førre veke. Foto: Anita D. Haram, Raudt

Vekst for partiet Raudt, har etablert lokallag i Ulstein og Ørsta dei siste vekene.

Torsdag 29. oktober vart Ulstein Raudt skipa. Aina M. H. Hauge vart vald til leiar, og med seg i styret i det nye lokallaget har ho Jørn Velle Moldskred, Gudmund Valderhaug og Anita Haram.

I ei pressemelding skriv dei at partiet Raudt trekk til seg nye medlem, også på Sunnmøre. Dei meiner vindkraftmotstanden er ein viktig årsak til veksten.

– Eg sette meg godt inn i problematikken medan eg var kommunestyrerepresentant i Haram på midten av 2000-talet, og har sidan då vore motstandar av både vindkraftverket på Haramsøya og Havsul. Det gjorde godt å sjå at både Ulstein og Hareid var tydlege då dei avviste regjeringa sin plan om at det også på Hareidlandet skulle byggast vindkraftverk, forklarer Hauge som fryktar at ei slik utbygging kan bli tema igjen seinare, seier Anita M. H. Hauge i pressemeldinga.

Torsdag skal ho halde appell under demonstrasjon i Ålesund mot Havsul 1.

– For meg er det heilt uforståeleg at Ålesund kommunestyre sa ja til utsett frist for denne vindparken som truar både fugl og fisk, seier ho.

Leiar i Raudt Møre og Romsdal, Morten Walløe Tvedt, fortel at partiet har store ambisjonar. Dei vil over sperregrensa i valet neste år, og han meiner dei er med i kampen om eit mandat frå Møre og Romsdal.

Siste nytt