Måndag sa finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) at regjeringa fredag vil leggje fram ein krisepakke om Ukraina-krigen, og at dei inviterer alle partia til å setje seg ned rundt bordet saman med dei.

Her vil Frp krevje at drivstoffavgiftene blir fjerna.

I ei pressemelding opplyser dei at dei er for å løyve meir pengar til Forsvaret, sivil beredskap og ukrainske flyktningar.

– Men det er òg nødvendig å gjere noko som avhjelper situasjonen for folk flest og bedrifter i Noreg for å handtere dei skyhøge prisane på drivstoff, straum og mat, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug.

– Då treng folk å få behalde meir av sine eigne pengar gjennom å setje ned avgiftene i staden for at staten skal dele ut almisser. Kravet vårt inn i slike forhandlingar er å fjerne drivstoffavgiftene, seier ho.

(©NPK)