Torsdag 7. juni skal det leggast ned ein såkalla snublestein til minne om Abraham Bernhard Mahler. i Volda sentrum. Det er ein brustein dekka med messing, som vert plassert i fortauet med namn og opplysningar om jødar som vart sende til tyske utryddingsleirar.

Den unge gymnaseleven kom frå Trondheim, men studerte i Volda under andre verdskrigen.

– Steinen skal plasserast på adressa der han studerte i Gymnasvegen mellom legesenteret og rådhuset i Volda, fortel formidlar Aurora Jacobsen Evenshaug ved Jødisk museum i Trondheim.

Sat arrestert på skulen

Den unge Mahler skal ha hatt planar om å ta to års utdanning på eitt år då han reiste til Volda. Ifølgje Evenshaug fortel deira kjelder at 22-åringen på førehand visste at han kom til å bli teken. Han leigde eit rom hos familien Strand, der han vart arrestert 31. oktober 1942.

Etterpå vart han halden eit par dagar i kjellaren på skulen der han var elev.

– Han vart sendt med båt til Oslo og vidare til Auschwitz der han vart sett i tvangsarbeid. Han døyde der, men vi veit ikkje sikkert når, seier Evenshaug som saman med Volda-ordførar Jørgen Amdam skal halde tale når steinen i Volda vert sett ned.

Til markeringa kjem også slektningar av Mahler. Gymnaseleven var nest eldst av fem sysken og foreldra hans var innvandrarar frå dåtidas russiske keisarrike.

(saka held fram under)

Snublesteinar i Ålesund

Andre stader det kjem nye snublesteinar er mellom anna Oslo, Bergen, Trondheim og Sør-Fron. Med dei komande markeringane vil det vere sett ut 548 steinar rundt i landet på stader der personen sist budde, eller jobba.

Mellom anna er det sett ned fire steinar i Ålesund etter familien Steinfeld.

Vil minne alle 773

I alt vart 773 norske jødar deportert til dei tyske konsentrasjonsleirane. Innan 2022 håpar det Jødiske museum å ha sett ned steinar til minne om alle desse.

Prosjektet med snublesteinane blei starta av kunstnaren Gunter Demnig i 1996. I dag er kring 61.000 steinar plasserte ut i fleire land.