– Dess fleire ting du eig, og dess fleire de er i hushaldninga, dess meir bør du ha på bufferkontoen, seier Eirik Vartdal, banksjef for Sparebanken Vest sitt kontor i Ålesund og Volda i ei pressemelding.

Han seier at mange av dei upårekna utgiftene eigentleg er ganske påreknelege.

– Du veit berre ikkje nøyaktig når dei inntreff, seier Vartdal.

Han minner om følgjande:

– Ting vert eldre og må haldast vedlike for å bevare både verdi og funksjon. Og det kostar, seier Vartdal i pressemeldinga.

EU-kontroll

– Skal bilen din på EU-kontroll, og du veit at den har køyrt 60 000 kilometer sidan sist den fekk nye bremser, kan du vente at det kjem ei ekstra utgift der. Og om det er 10 år sidan du malte huset, så veit du også at du snart må til pers igjen, seier Vartdal.

Få oversikt

I ei tid der økonomien har blitt strammare for mange, meiner banksjefen det er viktigare enn nokon gong å tenke på buffersparing.

– Det første du bør gjere er å skaffe deg ei oversikt over dei moglege pengesluka, ifølgje Vartdal.

– Ein start er å kartlegge medlemmer, eigedelar og komande livshendingar i hushaldinga. Her er tre eksempel på kva du kan måtte punge ut i løpet av eit år, basert på kva for hushalding du har. Alle tal er henta frå SIFO sitt referansebudsjett, som bankane brukar til å berekne kor mykje lån du kan ha, seier Vartdal.

Han presenterer følgjande oppsett:

Eksempel 1:

Ein person i 20-åra med leilegheit på 45 m2 bør ha 33 246 kroner på bufferkontoen og spare 2771 kroner i månaden.

Eksempel 2:

Eit par i 30-åra med to barn på 2 og 3 år, med leilegheit på 70 m2 og elbil, bør ha 79 072 kroner på bufferkontoen og spare 6589 kroner i månaden.

Eksempel 3:

Eit par i 50-åra utan heimebuande barn, med einebustad, hytte og elbil, bør ha 89 678 kroner på bufferkonto og spare 7473 kroner i månaden.

Kle og sko

– Det kan vere lurt å sette av pengar til kle og sko på ein bufferkonto. Ein treng ikkje kjøpe nytt fordi det finst mykje fint og brukt til sals fleire stader. Og kanskje har du nokon i familien eller i nabolaget som ungane kan arve frå? Seier Vartdal i pressemeldinga.

Tips

Eirik Vartdal har fire sparetips:

1) Opprett ein eigen konto til upårekna utgifter og start fast månadleg sparing som står i stil med behovet i hushaldninga di.

2) Gjer ein kort analyse av året som har gått og kostnader som oppstod, som kan få betydning for året som kjem.

3) Skjer det store ting framover – for eksempel konfirmasjon? Då kan det hende at du bør auke sparebeløpet til bufferkontoen i nokre månader.

4) Sjekk forsikringane og sjå om du har stor nok dekning for bustad, køyretøy, kjæledyr og helse.