– Blekket er so vidt tørt. No har vi vore i forhandlingar i to dagar og har hatt eit gjensidig ønske om å få til dette, seier Arne Sandnes, ordførar i Norddal kommune, til smp.no kort til etter at han og Eva Hove, ordførar i Stordal, har sete namnetrekka sine på den nye intensjonsavtalen om samanslåing av dei to kommunane.

No skal forhandlingsutvala leggje avtalen fram for kommunestyre for vurdering og forhåpentlegvis godkjenning, om vi skal tru Sandnes.

– Vi anbefaler kommunestyra å gi inn i denne avtalen. Men ikkje før i slutten av januar vil vi vite om dei gjer det, seier Sandnes.

Likt fordelt

Etter diskusjonar mellom forhandlingsutvala vart det klart at det nye kommunesenteret skal liggje i Valldal.

– Men det ligg i korta at både Valldal og Stordal skal ha aktivitet i sine kommunehus. Arbeidsplassane og administrasjon skal vere likt fordelt. Rådmannen med administrasjon skal sitje i Valldal, mens helse- og omsorg og teknisk etat med administrasjon skal vere i Stordal, fortel Sandnes.

Det som kallast utetenester, brannstasjon med meir, skal vere meir eller mindre som det er i dag.

Forskjellige kvalitetar

Sandnes meiner kommunane kan trekke veksler på dei sterke kvalitetane kommunane har kvar for seg.

– Det er ein relativt rund avtale, og vi føler at vi som kommunar har mykje felles, mellom anna historisk, næringsstruktur og grenser, men vi har også komplementære kvalitetar. Stordal er ein typisk industrikommune og har ei sterk dugnadsånd, mens vi er sterke på landbruk og reiseliv om sommaren. Stordal er sterke på reiseliv om vinteren. Slik kan vi også styrke profilen som reiselivskommune, seier Sandnes.

Storfjord

Arbeidstittelen på den nye kommunen er Storfjord, men det er ikkje skriven i stein.

– Namnet skal det jobbast vidare med, og kanskje skal vi ta det ut til folket og ha ein namnekonkurranse. Det same gjeld det nye kommunevåpenet, seier Sandnes.

Meir arbeid att

Dersom kommunestyra vedtek avtalen vil det framleis vere år til ein ny kommune er ein realitet.

– Det er mange viktige spørsmål att. Om kommunestyra gjer vedtak vil det verte danna ei såkalla fellesnemnd. I den er det fire ifrå kvar kommune som skal setje seg ned og jobbe på alle moglege frontar for å rigge den nye kommunen. Det vil verte mange diskusjonar dei neste to-tre åra før ein ser klart korleis den nye kommunen vil sjå ut, fortel ordføraren.

Eva Hove, ordførar i Stordal.