For første gong på over ti år skal Sande kommune busetje flyktningar.

Fleire før jul

Kommunen har tre leilegheiter som no er disponible for flyktningar.

– Målet for Sande var å ta mot ti flyktningar i år, men så mange greier vi ikkje, seier Rokstad.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet leitar no etter ein familie til, som høver til familien som er venta i november.

– Vi håpar det kjem fleire før jul, og det er ønskjeleg at det kjem andre frå same land, seier Frøystadvåg.

Både ho og Rokstad meiner Sande er godt rusta til å ta imot flyktningar. Skulen har lang erfaring med å ta imot elevar frå andre land. Siste ti åra har det kome mange frå Aust-Europa.

Flytta sist

Sist gong Sande tok mot flyktningar var i 2003/2004. Dette var kurdiske flyktningar som etter kvart flytta vekk frå Sande, til stader der det budde andre frå same kultur.

– No håpar vi at dei som kjem, skal bli her, seier Frøystadvåg, men Rokstad legg til:

– Vi bur i eit fritt land, og dei kan flytte etter kvart viss dei vil.

Sande har ønskt seg flyktningar frå Eritrea, sidan det i nabokommunen Herøy bur mange derifrå. Det opnar også for samarbeid om til dømes tolk.

Frøystadvåg og Rokstad håpar og trur at folk i Sande vil ta vel imot flyktningane.

– Vi reknar med at folk her vil bli gode naboar og helse på dei som kjem, seier Rokstad.

Kontakt

Rokstad synest det blir spennande å ta imot flyktningar. Om nokon ønskjer å bli kontaktfamilie må dei ta kontakt.

– Vi kan legge til rette, men det krev ein stor jobb for flyktningane sjølve og då er det viktig at vi som bur her er opne, meiner Rokstad.

Stranda bur seg på flyktningar

Også andre kommunar på Nordvestlandet som ikkje har apparat for å ta imot flyktningar, bur seg no på å ta imot nye innbyggjarar.

– Vi hadde flyktningar for om lag femten år sidan, men begynner no heilt på null, fortel Tone Lillebø, kommunalsjef for oppvekst i Stranda.

Kommunen har nettopp lyst ut stilling som flyktningkonsulent til å koordinere arbeidet. Det er også sett ned ei hurtigarbeidande, tverrfagleg arbeidsgruppe som skal førebu mottak. Stranda må blant anna byggje opp introduksjonsprogram.

Lillebø fortel at Stranda no vil sjå om det er mogleg å samarbeide med Sykkylven, og ikkje minst lære av dei.

For første gong i Sandøy

I Sandøy er dei ikkje komne så langt, men rådmannen har nyleg lagt fram plan for korleis det kan skje. Planen legg opp til å etablere bustadtilbod for 65 flyktningar. Målet er å busetje 15 flyktningar årleg frå 2016 til 2019.

– Sandøy har aldri busett flyktningar før. Busettingsplanen er no lagt på høyring, seier rådmann Ann Heidi Paulsen Orvik, som legg opp til at politikarane behandlar saka i november/desember.

Administrasjonen i Sandøy kommune har lagt på høyring ein busettingsplan for flyktningar. Planen legg opp til at Sandøy skal tilby bustad for 65 flyktningar i området Steinshamn-Huse.