– Det er ei gruppe med jenter som har metastatisk brystkreft som har blitt gløymde og bortgøymde, fordi vi som samfunn synest det er vanskeleg å snakke om død og liv. Denne statuen er eit viktig bidrag for å sette fokus på og vere meir opne om historiene til dei som ikkje blir friske, seier styreleiar Ellen Harris Utne i Brystkreftforeningen til Nynorsk pressekontor.

Cecilie Flatval saman med dei tre borna sine under avdukinga av statuen som ho har stått modell for. Foto: Kjell Åsmund Sunde/ NPK

Frå Fosnavåg

Det er Cecilie Flatval frå Fosnavåg i Møre og Romsdal som har vore modell for statuen. Ho var ikkje tilgjengeleg for pressa i samband med avdukinga, men har tidlegare fortalt om sjukdommen som råka ho brått i mars 2020.

– Det er hardt og brutalt, men slik er verkelegheita mi. Eg er innforstått med at eg sannsynlegvis ikkje kjem til å bli så gammal. Det eg ønskjer meg mest av alt, er litt meir tid. Eg må leve på grunn av barna mine, sa ho i ein artikkel på Kreftforeningen.no i februar.

Kvart år døyr rundt 600 norske kvinner og menn av metastase, ein sjukdom som også er kjent som brystkreft med spreiing. Denne kreftforma let seg ikkje kurere, og det finst berre livsforlengjande medisinar.

Framfor dei folkevalde

Statuen, som blei avduka måndag, skal stå på Eidsvolls plass framfor Stortinget i ei veke, deretter blir han flytta til Spikersuppa like ved.

– Det at den får stå så sentralt er veldig viktig. Det er utruleg mange som kryssar Eidsvolls plass kvar dag, så då blir den synleg for fleire. I tillegg hjelper dette oss å nå måla i vår politiske agenda, som er å få på bordet betre tilgjengelegheit av livsforlengjande medisin og behandling for brystkreft som ikkje let seg kurere, seier Harris Utne.

Ho peikar på at også vanlege folk kan bidra til at sjukdommen blir løfta høgare på dagsordenen.

– Folk kan snakke meir om sjukdommen og vere medvitne om at det faktisk finst ei gruppe som ikkje blir friske. Dei som er råka treng draghjelp for å få behandlinga og omsorga dei treng.

Konkurranse

Prosjektet med statuen starta på sett og vis for to år sidan. Då hadde Brystkreftforeningen eit samarbeid med legemiddelselskapet Pfizer, som hadde ein brystkreftkampanje.

– Då blei det intervjua fire damer med kreft som ikkje let seg kurere. Ei av dei var Cecilie som har stått modell for denne statuen. I fjor laga vi ein film om Cecilie der ho gav råd til sine medsøstrer i same situasjon og ut frå den prosessen kom det ein ide om å lage ein statue, fortel Harris Utne.

Det er investor Christian Ringnes og Eiendomsspar som har finansiert statuen. Brystkreftforeningen har og hatt eit samarbeid med Norsk Billedhoggerforening for å finne rette person til å lage statuen.

– Rett person fann vi gjennom ein konkurranse. Eg var med i juryen som skulle bestemme kva statue vi skulle gå for, seier Harris Utne.

Det var bilethoggar Håkon Anton Fagerås som til slutt fekk jobben.

– Arbeidsprosessen har vore veldig inspirerande og motiverande. Det har vore ein berikelse å bli kjent med Cecilie og sjå og høyre korleis ho handterer den vanvittige situasjonen ho står i. Det har ikkje føltest deprimerande. Nesten tvert imot, seier Fagerås til Nynorsk pressekontor.