Vestnes kommune har sett i gong arbeid med å lokalisere innlekkasje til dei kommunale spillvassleidningane.

I spillvatnet, som mange kjenner som kloakk, skal det berre vere vatn frå toalett, vask, dusj og sluk (innomhus).

Overvassystemet

Innlekkasjen kjem frå overvassystemet – vatn frå hustak, drenering og sluk på parkeringsplassar og veggrøfter.

For å lokalisere slike feilkoplingar vert det motstraums blåst ufarleg røyk inn i spillvasshovudleidningar.

– Feilkoplingar vil då vise seg ved at røyk kjem opp gjennom sluk ute, eller ut av takrenner. Tekniske tenester vil naturlegvis ha folk ute i område for å leite etter slike «røyksignal», men meld gjerne frå dersom du oppdagar slike «røyksignal».

Først i Tomrefjord

Det skriv Vestnes kommune på heimesidene sine.

I første omgang vil dette gjelde i Tomrefjord i området Fonnavegen. Alle husstandar som er rørte av arbeidet er varsla via SMS-melding.

Arbeidet vil halde på frå tysdag 18. oktober og i ca. to veker.