– Eg er overraska og glad over at såpass mange er klare på at dei vil til Stranda, seier Merete Løvoll Rønneberg i Eidsdal, ei av dei som stod bak ønsket om å få vurdert ei grensejustering.

Sandnes peikar på at heile 17 prosent av dei spurte i Eidsdal og Norddal svarte «veit ikkje».

– Det kan sjølvsagt takast til inntekt for både nye Fjord kommune, og for Stranda. Eller det kan bety at mange ikkje bryr seg med kva for kommune dei høyrer til, legg Sandnes til.

Forventar at dei får skifte til Stranda

Merete Løvoll Rønneberg seier at ho forventar no at fylkesmannen følgjer folkeviljen, og innstiller overfor departementet på at dei to bygdene får skifte over til Stranda.

– Kvifor trur du det var så mange som svarte «veit ikkje»?

– Det kjem nok av at dei veit kva dei har, og er usikre på kva dei får.

foto
LIABYGDA: I Liabygda svarer 69 prosent at dei framleis ønsker å vere ein del av Stranda kommune. Dette biletet er frå eit folkemøte om saka i fjor haust. Foto: ARKIV JOHAN BEHRENTZ / SUNNMØRINGEN

Sandnes: Står fritt

Arne Sandnes meiner derimot at fylkesmannen ikkje er bunden av undersøkinga.

– Vi nyttar ikkje folkerøystingar i same grad som i Sveits. Hos oss er det kommunestyret som gjer vedtak. Og dersom kommunestyret meiner at Eidsdal og Norddal framleis skal høyre til kommunen, så synest eg fylkesmannen skal ta omsyn til det i si innstilling.

– Haram kommunestyre sa nei til å bli ein del av Ålesund, men vart ikkje høyrd?

– Nei, dei vart overstyrt av den mektige Staten. Eg håpar at det ikkje skjer i vårt tilfelle.

– Vil ei utmelding av dei to bygdene torpedere nye Fjord kommune, som skal bestå av Norddal og Stordal kommunar?

– Nei, eg trur Fjord kommune framleis vil vere levedyktig.

Stranda-ordførar: –Velkomne

– Om Eidsdal og Norddal blir flytta over til Stranda, så er dei hjarteleg velkomne, seier Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp):

– Eg er overraska over at nesten 60 prosent vil til Stranda, seier Tryggestad.

Derimot er han ikkje overraska over at heile 69 prosent i Liabygda svarte at dei framleis vil høyre til Stranda:

– Det var som eg hadde rekna med, seier han. På sikt meiner Tryggestad at nye Fjord kommune og Stranda bør gå saman.