Laurdag kjem nokre av Norges fremste musikarar til Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg. Der skal dei framføre verket Dei fire årstidene av Vivaldi. Verket er beskrive som eit av dei mest populære klassiske musikkverka gjennom tidene og har begeistra publikum sidan det kom ut i 1725.

Det er Christopher Tun Andersen som skal leie musikarane denne kvelden. Med seg på laget har han fiolinist Atle Sponberg, ein av Norges fremste solistar og kveldens tryllekunstnar. I tillegg er det Sandra Lied Haga, Edvard Erdal, Einar Kyvik Bauge og Åse Mathiesen. Musikarane skriv at verket er like dagsaktuelt i dag og er eit av deira favorittverk.

I pausen blir det vin- og sjokoladesmaking og det gjestane får smake er vald ut for å samspela med årstidene i verket. På storskjerm bak musikarane blir det kunstframsyning, der verk av Edvard Munch, Ludvig Karsten og Harriet Backer skal akkompagnere musikken.