Tenåringen hadde hatt førarkortet berre i to månader då han blei stoppa i fartskontroll 128 km/t på innfartsvegen i Ålesund.

No har han møtt i Møre og Romsdal tingrett, der han tilstod forholdet.

Ein kveld i juni var han på veg austover frå Ålesund med to passasjerar i bilen. Ved passering Gåseidvika, om lag der vegen deler seg i to felt austover, gav han gass. Han var fullstendig klar over at det gjekk fort, før han blei vinkla inn av politiet som hadde laserkontroll i 80-sona på staden.

Ungdommen er dømd til fengsel i 14 dagar, på vilkår og med to år prøvetid.

Han er vidare dømd til å betale 13.500 kroner i bot, og han er frådømd førarretten i sju månader. Og om han vil ha førarkortet igjen, må han avlegge full ny førarprøve.