Av: Tarjei Engeset Ofstad

Fartskontroll på Valderøya

Utrykkingspolitiet hadde fartskontroll på Ytterland på Valderøya i Giske. Politiet melder at ein fører fekk beslaglagt førarkortet, etter å ha blitt målt i 113 kilometer i timen i 70-sona.

Det vart òg delt ut ei rekke bøter: eit forenkla førelegg for fart, eit for bruk av mobil og eit gebyr for manglande bilbeltebruk.

Siste nytt