Av: Eirik Meling

Ferje havarerte like etter sjekk - må bytte hovudmotor

foto
Ferjeselskapet Torghatten Nord melder at dei må skrifte motor på ferja «Kvaløy» som går til mellom anna Ona. Foto: Kirsti M. Thorheim

Ferja «Kvaløy» havarerte i november, no har reiarlag Torghatten Nord AS inngått kontrakt om levering av ny motor.

MF Kvaløy trafikkerer til vanleg Utasundssambandet, rute 32 Småge-Orta-Sandøya-Finnøya-Ona.

I ei pressemelding skriv Møre og Romsdal fylkeskommune at ferja hadde vore på planlagt verkstadopphald like før den fekk motorhavari 21. november 2021.

– Under verksstadsopphaldet vart det blant anna gjennomført planlagd service på hovudmotoren utført av personellet til motorfabrikanten og etter deira tilrådingar. Verken reiarlag, verft eller motorprodusent har førebels klart å finne ei konkret årsak til havariet.

Torghatten Nord AS har no inngått kontrakt om levering av ny motor. Installasjonen av motoren skal gå føre seg på verftet Havyard i Sognefjorden i januar, skriv fylkeskommunen i meldinga.

– Ambisjonen og planen er at MF «Kvaløy» skal vere tilbake i Utasundssambandet i byrjinga på februar. I mellomtida vil MF «Vengsøy» trafikkere sambandet.

Reiarlaget valde motor av typen Baudouin 12M26.3. Og har lagt vekt på pålitelegheit, leveringstid og effektuttak, heiter det i meldinga.

Siste nytt