– Vi veit at problemet med plast i havet er stort, men kjenner for lite til korleis dette fordelar seg langs Norskekysten og kva konsekvensen kan vere på lang sikt, seier forskingsleiar Nils Roar Hareide ved Runde Miljøsenter i ei pressemelding.

Formålet med intensjonsavtalen er å konkretisere felles forskingsprosjekt for å kartlegge marin forsøpling og konsekvensar for fisk, fugl, sjøpattedyr og økosystem langs Norskekysten.

Ifølgje pressemeldinga er ein viktig del av avtalen at òg nye funn og observasjonar om marin forsøpling skal formidlast på ein pedagogisk måte til myndigheiter og samfunn.

– Plastavfallet som hamner i havet, er blitt ei gigantisk miljøutfordring som krev kunnskap, tiltak og handling. Runde Miljøsenter si plassering og kunnskapsbase gir meg tru på at vi klarar å sette problemstillingane på agendaen på ein måte både sjøfuglen, kval og andre artar fortener, seier Frederic Hauge.