Optimar skal rydde på Store Kalvøy
Bedrifta Optimar AS på Valderøya har adoptert Store Kalvøy i Hamnsundet og skal rydde i fjøra to gonger i året.
Det skriv bedrifta i ei pressemelding måndag. Optimar AS, som leverer automatisert utstyr til fiskerinæringa, har gjennom foreininga Plastfritt Hav, signert ein avtale for 2021 med ordninga Min bit av Norge.
– Vi har nå adoptert Store Kalvøy i Ålesund kommune. I ein slik avtale så plikter vi å rydde fjøra på øya for plast og anna søppel, to gonger i året. Med god støtte og hjelp frå Plastfritt Hav vil Optimar arrangere familiedagar på Kalvøya der vi oppfordrar alle tilsette til å vere med, ta med familien og gjere vår bit av jobben, heiter det i ei pressemelding frå Optimar.
Optimar melder måndag at dei også har gitt 25.000 kroner til foreininga Sjukehuset vårt og PET-skanner ved Ålesund sjukehus.