– Det er riktig at det har vore ein redningsaksjon der. Ein person hadde behov for hjelp til å kome ned frå fjellet, og eit helikopter blei sendt ut frå Florø, fortel redningsleiar Andreas Ingsøy til Sunnmørsposten.

Personen skal ha vore på fjelltur ved Holskarhornet og vedkommande ringte sjølv naudetatane. Det skal ha vore ein uavklart situasjon frå start.

– Personen er flogen til Førde sjukehus for ein sjekk, fortel Ingsøy.

Hovudredningssentralen opplyser at dei fekk melding om hendinga klokka 14.20 og var framme med helikopteret ca. ein time seinare.

Foto: ANNE-MARI TOMASGARD