Politistasjonssjef Kjell-Idar Vangberg i Nordhordland seier til VG at han trur tjuvane les dødsannonsar og slår til under gravferdene. Sentralt i etterforskinga står ein tyskregistrert Audi.

– Vi har ganske konkrete opplysningar om to til tre personar i ein grå Audi A4 med tyske skilt, seier han. Politiet ser ikkje bort frå at tjuvane allereie er ute av landet.

Tre innbrot har skjedd medan dei etterlatne har følgt sine kjære til grava i Alver nord for Bergen i Vestland fylke, og på Karmøy og Vindafjord i Rogaland. Innbrota har skjedd 19 og 22. september.

På Frekhaug i Alver nord for Bergen fekk tjuvane med seg sølvtøy, gull og smykke. Huseigaren seier til Bergens Tidende at han reknar med at verdiar for nærare 100.000 kroner er borte. Også i Rogaland stakk tjuvane av med sølvtøy, gull, smykker og med kontantar.

– Vi er i ein etterforskingsfase og samarbeider med Sørvest politidistrikt. Alle stader har innbrota skjedd medan næraste familie har vore i gravferder, seier Vangberg til Bergensavisen.

Han synest ingenting om den kyniske framgangsmåten.

– Ein skal ikkje komme heim frå gravferd til sine næraste og bli møtte av eit endevendt hus. Det er ikkje bra.

(©NPK)