Det melder Ålesund kommune i ei pressemelding. Dei vart gjort merksam på feilen torsdag ettermiddag.

Ålesund kommune kontaktar no brukarane som har desse alarmane fortløpande. Då skal dei kontrollere trykknappen, slik at dei får sikra at tryggleiksalarmane fungerer.

– I Ålesund kommune er det i dag 1400 brukarar med tryggleiksalarm. Av desse er det om lag halvparten som er av typen GX-8 og GX-MAX8; og det er hos desse at feilen har blitt observert, heiter det i pressemeldinga.

Alarmane har trykknappar på seg, anten som armband eller eit smykke. Det er desse knappane ein no skal kontrollere, for å sikre at alarmen fungerer som dei skal.

Ifølgje Ålesund kommune gjeld feilen berre på typen GX-MAX8 og GX-8.

Sula kommune sjekkar om eit dødsfall kan knytast til feil på tryggleiksalarm.

Kan vere eit omfattande problem

Tryggleiksalarmane vart kjøpt inn i fellesskap med totalt 28 kommunar.

– Det vil derfor vere eit omfattande arbeid for mange kommunar i tida framover. Våre tilsette jobbar no for å finne ei løysing på problemet, i tett samarbeid med leverandør, heiter det i pressemeldinga.

– Det viktigaste er at vi raskt får avklart at alarmane fungerer som dei skal, slik at brukarane kan ha tillit til at hjelpa kjem om dei skulle ha behov for det, seier kommunalsjef Synnøve Vasstrand Synnes.

Atea har seld tryggleiksalarmane til kommunen.

– Vi er ikkje produsent eller leverandør av tryggleiksalarmane. Men vi held på med undersøkingar av saka, og ønskjer ikkje gå ut med meir informasjon før vi har hatt møte med leverandør og dei involverte på måndag, seier distriktssjef Jan Nybø i Atea til Sunnmørsposten.

Denne tryggleiksalarmen blir sjekka etter feil. Foto: SKJERMDUMP/ÅLESUND KOMMUNE
Denne tryggleiksalarmen blir sjekka etter feil. Foto: SKJERMDUMP/ÅLESUND KOMMUNE

Ålesund kommune koblar no inn ekstra ressursar for å kontrollere alle trykknappane raskt. Dei som har desse alarmane vil bli kontakta av kommunen. Etter at kommunen fekk informasjon om feilen torsdag, starta dei arbeidet med å lage ein handlingsplan.

Ålesund kommune vil også orientere fylkeslegen om feilen, opplyser dei.